Nye råd om hytteturar: Ikkje belast hyttekommunen

NYE RÅD: Styremaktene har letta på hytteforbodet, men kjem no med nye råd..

NYE RÅD: Styremaktene har letta på hytteforbodet, men kjem no med nye råd.. Foto:

Av

Etter at styresmaktene har letta på hytteforbodet, kjem dei no med nye råd om reiser til dei same hyttene. Ta gjerne med mat heimanfrå, lyder eitt av råda.

DEL

– Sjølv om vi opnar opp, går vi ikkje tilbake til det gamle. Vi gjer gamle ting på nye måtar. Det er lov å reise på hytta, men på meir forsiktige måtar, sa helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen om koronasituasjonen tysdag.

Helseministeren sa at rådet om å redusere fritidsreiser gjeld sjølv om hytteforbodet er oppheva.

– Dette er ikkje slutten på det vi har vore igjennom. Dette er i beste fall slutten på byrjinga, sa han.

Ver med familiemedlemmer

Folkehelseinstituttet (FHI) rår folk til å reise til hytter der ein stort sett er saman med eigne familiemedlemmer eller andre du allereie ville vore i kontakt med på heimstaden. Då minskar faren for smittespreiing.

– Unngå rundreiser, og planlegg reisene med tanke på at du ikkje bidreg til smittespreiing mellom stader, heiter det i ei pressemelding frå FHI.

Unngå butikken

Helseministeren ber hyttefolk om å unngå å handle på butikken om ein kan, og heller ta med seg varer heimanfrå.

Austrheim kommune i Vestland ønsker likevel at flest mogleg handlar lokalt.

– Men det føreset sjølvsagt at smittevernreglar blir overhaldne, seier ordførar Per Lerøy (Ap) til Bergens Tidende.

I Voss er det 3.448 hytter. Kommunen ønsker ikkje å få hyttefolket hit enno.

– Nei, det offisielle rådet er å unngå unødvendige fritidsreiser. Det er det som gjeld. Vi støttar oss på det, og det er ikkje noko nytt sånn sett. Den einaste endringa er at ein ikkje får bot og straff, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap).

Fryktar opphoping

Heller ikkje ordførar Petter Rukke i Hol tilrår hyttefolk å ta turen no.

– Men det er opp til kvar enkelt å finne ut om det er ei nødvendig reise, og det kan vere årsaker til at ein dreg på hytta, seier han.

Han håper fleire reisande ikkje fører til opphoping i butikkane.

– Vi håper dei handlar her, for vi må opne opp samfunnet vårt. Men dei må handle i puljar, seier Rukke til BT.

Ikkje kontakt kommunen

Helseministeren oppmodar hytteeigarar om å sjekke nettsidene til hyttekommunen for å sjekke om det er lokale restriksjonar.

Ein bør ikkje ringje eller sende e-post og forvente at kommunen skal bruke tid på å svare på dette og bør heller ikkje å ta kontakt med kommunen for å be om unntak frå restriksjonar, ifølgje Høie.

Han oppmoda òg folk om å halde seg unna turar som gjer at ein kan få behov for hjelp frå redningstenester eller helsevesen.

Artikkeltags