Nye råd frå Folkehelseinstituttet: – Har du vondt i halsen? Hald deg heime i eit døgn etter du er frisk
No bør du også halde deg heime om du har vondt i halsen. Du skal også halde deg heime eitt døgn etter du er symptomfri, melder Folkehelseinstituttet på sine nettsider.
NRK melde i dag at Folkehelseinstituttet har oppdatert råda på sine nettsider. I tillegg til dei med akutt luftvegsinfeksjon, skal du halde deg heime om du kjenner deg sår i halsen eller føler deg forkjølt.
FHI skriv at du då bør halde deg inne i eitt døgn etter du er symptomfri.
Kommentarer til denne saken