Gå til sidens hovedinnhold

Nye lokale gjer at salet går unna: – No minkar det bra i hyllene!

Kvernafossen Bryggeri har opna dørene i nye lokale i Vadheim. Det har gått over all forventning.

For abonnentar

– Det er kjekt å endeleg få butikken opp å gå!

Det seier Øystein Adler Øvrebø nøgd. Fredag 2. juli var første opningsdag for mikrobryggeriet i Vadheim.

Etter fleire månadar med utsettingar, er det ei stor lette å endeleg kunne kome i drift att.

– Vi har venta lenge på dette. Vi hadde håpa å opne før, men ting har teke tid på grunn av pandemien.

Draumelokale

Øvrebø viser stolt fram det nye butikklokalet i det gamle Viken-bygget, midt i Vadheim sentrum.

– Plasseringa er heilt genial, seier han og peikar på at butikken ligg like ved krysset der E39 møter Fv. 55.

Her er dei synlege for alle som kjem forbi, om det så er turistar, pendlarar eller andre forbifarande.

«Den perfekte lokasjonen», som han kallar det. Øvrebø rettar ein stor takk til Høyanger kommune, som hjelpte dei å finne draumelokalet.

– Dei er verkeleg på hogget når det gjeld næringspolitikk og det å få ting til å skje!

Øvrebø grunnla bryggeriet i 2015 saman med Espen Vallestad på Sande. Dette er fjerde gongen dei flyttar på seg, og Øvrebø håper dei blir verande i Vadheim.

– Eg er litt lei av å ha eit nomade-bryggeri, seier han og ler.

I første omgang har dei signert ein leigekontrakt på sju år, fortel Øvrebø.

Stor respons

Kvar fredag og laurdag kan øl-entusiastar kome innom for ein smaksprøve og handle med seg sin favoritt.

Hyllene rommar fleire sortar, men det er allereie byrja å bli ganske utplukka. Berre to veker etter første opningsdag.

– Eg fyller på heile tida, men no minkar det bra i hyllene! Vi hadde ikkje forventa eit så bra sal som vi har hatt til no, seier han og smiler.

Førre helg gjekk salet unna. På dei få timane dei hadde ope selde dei for rundt 30.000 kroner, seier han.

– Responsen har vore heilt enorm. Og folk verkar glade for at det er aktivitet i bygget igjen.

Les også

Tapte 200.000 i omsetning då E39 vart lagt om. No har Øystein funne nytt lokale

Fleire planar

Med over 200 kvadratmeter boltreplass ser han fleire moglegheiter for å utvide tilbodet på sikt.

Ølsmaking, bryggekurs og produksjon av varer i lokalet, er noko av det som kan kome. I dag vert alt brygga på Sande.

Øvrebø seier det er viktig for dei å samarbeide med andre lokale aktørar, som Malena Kafé og hotellet.

– Kanskje vi kan få til felles blåtur-pakkar og liknande? seier han.

I tillegg er planen å selje varer retta mot heimebryggarar, og så vil dei satse på eit lite utsal av lokalmat.

– Det blir litt som butikken var i gamle dagar, at du kan få litt av alt, seier han.

Nytt liv i gamle lokale

Brått må Øvrebø ta ein pause frå intervjuet. Inn kjem nemleg ein sommarkledd kar, på leit etter noko leskande i varmen.

– Der ser du, så fort eg opnar dørene kjem folk innom, seier Øvrebø smilande.

Kunden viser seg å vere Jan Frode Ånnevik, ein tidlegare Høyanger-innbyggjar.

– Alle snakkar om Vadheim, og at det er her ting skjer, seier han.

Ånnevik flytta frå Høyanger i 1996. No bur han i Oslo og er berre heimom på ein svipptur. Han kjenner godt til Viken-bygget og synest det er kjekt å sjå liv i lokala igjen.

– Dette er veldig kjekt å sjå. Det er kult å sjå alt dei får til her!

Vil bevare stilen

Fleire har eit nært forhold til det gamle bygget, fortel Øvrebø. Det er litt som står att før lokalet er ferdig pussa opp, men ein ting er sikkert:

– Eg vil bevare den eldre stilen, både innvendig og utvendig.

Allereie er ein del møblar på plass, i tru retro-stil. No er Øvrebø på leit etter ein bar- eller handelsdisk i same stil.

– Så om nokon har ein ståande, så er det berre å ta kontakt!

Les også

Frå å selje til kompisar, er ølet til Øystein no ute i 100 butikkar

Les også

Startar mikrobryggeri på Sande

Les også

Rune (32) og Even (32) er barndomskompisar. No er dei forretningspartnarar og lanserer sitt eige øl

Kommentarer til denne saken