Vegvesenet melder at det blir kolonnekøyring på måndag, 28. november, i den nye Kjøsnestunnelen på rv. 5.

Tunnelen på 8600 meter, som vart opna for dryge to veker sidan, skal gjer det tryggare å køyre mellom Skei og Sogndal.

Kolonnekøyringa vil halde på frå 17.00 til 18.00 i begge retningar, og tunnelen blir heilt stengd frå klokka 18.00–20.00.

Det vil bli brukt røyk under øvinga, skriv vegvesenet i eit presseskriv.

Det er naudetatar og Vegtrafikksentralen (VTS) som skal øve i tunnelen.

– Vi har forståing for at stengd tunnel på ei strekning utan lokal omkøyringsveg kan vere krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minne om at vi gjer det nettopp for dei. Ei slik stenging er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffe. Det er eit krav i tunneltryggleikforskrifta og for sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at vi skal halde slike øvingar, fortel brannvernsleiar Svein Rune Vie i Statens vegvesen.