Nye ferjekanselleringar i ytre Sogn

Fjord 1 melder om fleire kanselleringar i sambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella.

DEL

På grunn av tekniske problem med hovudferja, vert følgande avgangar kansellert søndag 26. juli:

  • Frå Krakhella kl. 10.10 og kl. 13.40.
  • Frå Rutledal kl. 10.50.
  • Frå Rysjedalsvika kl. 14.30.

Reisande må elles rekne med forseinkingar i ruta gjennom heile dagen, melder Fjord 1.

Folk i Solund reagerer på at ikkje ferjeselskapet ordnar opp.

Passasjerbåt har vore sett opp som erstatning, men dei fleste reisande kjem ingen veg når dei vert sett av på ferjekaia i Krakhella utan bil.

Dette går ikkje minst ut over reiselivsbedriftene i øyriket.

Klokka 12 melder Fjord 1 om fire nye kanselleringar i dette sambandet søndag kveld:

  • Frå Krakhella i Solund klokka 20.00.
  • Frå Rutledal klokka 20.45 og 21.35.
  • Frå Rysjedalsvika klokka 21.10.

Årsaka er tekniske problem med hovudferja, og det er eit reservefartøy som trafikkerer ruta, skriv Fjord 1.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken