På onsdag gjekk det eit 30 meter breitt ras på fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol. Raset skal ha gått på Aurlandssida i nærleiken av Stondalen.

No melder Vegtrafikksentralen Vest at vegen framleis er stengd, og det blir ei ny vurdering på fredag klokka 15.00.

Anbefalt omkøyring er rv. 52 Hemsedalsfjellet eller rv. 7 Hardangervidda.