Gå til sidens hovedinnhold

Ny virusvariant oppdaga i Noreg – kan vere meir smittsam

Den nye varianten vart oppdaga onsdag og har likskapar med både den engelske og sørafrikanske varianten. FHI fryktar han kan vere meir smittsam.

Det er oppdaga 22 tilfelle av den nye varianten med namnet B. 1.525 i Noreg det siste døgnet. Den nye varianten har fleire av dei same endringane som den engelske, sørafrikanske og brasilianske virusvarianten.

Ifølgje FHIs vekerapport er dei fleste tilfella av den nye varianten oppdaga i Oslo. Ein av personane er busett i Trøndelag og to er busette i Viken.

Så langt har FHI påvist 18 tilfelle, i tillegg har Oslo universitetssjukehus påvist fire tilfelle. Det samla talet tilfelle kjem derfor opp i 22, opplyser FHI.

Også i Danmark, Storbritannia og USA har varianten dukka opp.

– Vi veit enno ikkje om han er meir smittsam, men han kan vere det. Det har endringar på den staden i viruset som kan ha noko å seie for smitte, seier avdelingsdirektør Line Vold FHI til NRK.

Vold seier dei vil halde den nye varianten under oppsikt, slik dei gjer med dei andre meir smittsame mutasjonane. Det er for tidleg å seie om smitten er importert.

Noreg er blant topp fire i Europa etter Storbritannia, Danmark og Island på å analysere for nye variantar av viruset. Ifølgje Vold er dette årsaka til at ein finn stadig nye tilfelle her i landet.

– Det breier seg stadig nye variantar i verda, og det er ei naturleg utvikling av viruset at dei endrar seg heile tida, siger Vold.

Det er framleis dei same tiltaka som gjeld for denne nye varianten som dei andre variantane, testing, isolering, smittesporing og karantene.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken