Gå til sidens hovedinnhold

Ny varmerekord for Sogn og Fjordane – tore og plaskregn kjem tysdag

Artikkelen er over 2 år gammel

Sogn og Fjordane sette i helga ny varmerekord, men den heite lufta kan skape ein heftig vêrsituasjon tysdag.

– Laurdag 27. juli sette bremuseet i Fjærland ny rekord for Sogn og Fjordane. Der blei det målt 33,9 grader.

Det fortel Lars Andreas Selberg, statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt.

Det blei sett lokale rekordar to andre plassar i Sogn og Fjordane. Takle sette ny rekord med 30,5 grader på laurdag, og Vangsnes fekk ny rekord med 31,9 på søndag.

– Det er typisk at smale fjordar eller dalar blir ekstra heite, så det er ikkje så overraskande at Fjærland tok den nye varmerekorden, seier Selberg.

Les også

Fureneset i Fjaler er varmast i fylket med 32,5 grader

 

Vurderer gult farevarsel

På den andre sida skapar det varme vêret ein interessant og mogleg farleg vêrsituasjon på tysdag. Då kjem det ein kald front inn frå aust.

– Vi vurderer no om vi skal sende ut gult farevarsel for vêret som kjem i morgon. Akkurat no ligg det veldig varm luft over Vestlandet. I morgon vil det komme ein kald front inn frå aust, og det er ein litt små-uheldig situasjon.

Ifølge meteorologen vil vêrsituasjonane bli veldig lokale, og veldig intense:

– Til dømes vil det kunne kome plaskregn på stadar der det eit augneblink før er heilt tørt og fint. Lyn og tore vil kome veldig fort på, og på plassar det er vindstille kan det kome heftige vindkast som er så kraftige at dei kan flytte opp trampolinar og liknande.

Bildeserie

SJÅ BILDA: Sommar i Sunnfjord. Ser du nokon du kjenner?

 

Veit ikkje kor og når

Det er vanskeleg å seie noko om kvar dette vil skje, ettersom vêret blir så spesielt, men heile Vestlandet sør for Stadt er utsett, ifølge meteorologen.

– Det kan vere lurt å ta nokre atterhald. Ikkje gå tur i fjellet, ikkje stå nær tre. Viss du høyrer lyn og tore, dra ut stikkontaktar frå veggen. Den tryggaste plassen ein kan vere er inne i ein bil, men sidan dette blir ekstremt lokalt og uføreseieleg, må folk rett og slett følge litt med sjølv. Det er vanskeleg for oss å seie kor og når.

Kommentarer til denne saken