Ein bil med ein kvinneleg førar køyrde litt før klokka 10.08 inn i kanten på ei bru på fv. 608 Askvollvegen, like nordaust for Askvoll sentrum.
Det stadfestar operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt. Det er kvinna sjølv som melde frå til politiet.
– Ho er ikkje fastklemd, er medviten og pratar. Bilen står framleis på hjula, og skadestaden er sikra. Brannvesen kom fram 10.08 og ambulanse er akkurat no framme ved staden, seier Mjelde til Firda klokka 10.17.
Bilen skal ha store materielle skadar, og står i eine feltet.
Vegen er stengd til bilen er fjerna.
Firda oppdaterer saka etter kvart som vi veit meir.

Les også
Skadestadsleiaren møtte sjølv hjort på vegen under utrykkinga

Les også