Gå til sidens hovedinnhold

Ny terrengbrann i Stryn – brannhelikopter har starta sløkking

Fleire innringarar melde om røyk frå terrenget på Årheimsfjellet i Stryn søndag. Seks brannfolk har kome seg opp i det bratte terrenget der det brenn.

Søndag begynte det igjen å brenne i eit område ikkje langt ifrå der det har vore brann to gonger tidlegare denne veka.

Klokka 15:46 sa vaktkommandør Ronald Drotningsvik til Firda at ein del innringarar hadde ringt inn til dei og meldt om kraftigare røyk no enn tidlegare.

Då sa vaktkommandøren òg at det mest sannsynleg var glør frå førre gong som hadde blussa opp igjen.

Klokka 19:22 var oppdateringen at skogbrannhelikopter var kome til staden og at det har starta sløkking.

– Helikopteret droppar vatn på flammar. Vi har fått meldingar om at brannen har utvikla seg. Den har ikkje spreidd seg, men blitt meir intens.

Seks mann på staden

Då Firda snakka med vaktkommandør klokka 15:46, sa han at brannvesenet ikkje var oppe ved røykutviklinga på grunn av vanskeleg og bratt terreng.

No er det seks brannfolk som har gått den tunge vegen opp.

– Kva er grunnen til at dette er tredje gongen det brenn i området?

– Dersom glørne framleis ligg nede under bakken i røtene og torva, så kan det overleve ganske lenge. Og då skal det ikkje meir til enn ein bris, som det har vore i dag, for at det tek seg opp att.

Han forklarar at glørne blir som kol som ligg under bakken. Dersom dei får dei rette føresetnadene, som litt meir oksygen, kan det blusse opp igjen.

– Det dette området hadde trengt, var ein kraftig regnskyll, seier han.