Gå til sidens hovedinnhold

Ny Strynefjellstunnel inne på NTP: – Tiår med dårlege tunnelar er snart over!

Regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF legg inn 500 millionar kroner til oppstart av ny lang tunnel på Rv15 Strynefjellet i første periode av Nasjonal Transportplan 2022–2033

Rv. 15 over Strynefjellet har vore inne og ute av NTP tidlegare. Frå før er det fleire store prosjekt som får pengar i regjeringa sitt framlegg til NTP, mellom anna Hafstadfjelltunnelen og Erdalstunnelen.

Prosjektet skal fullfinansierast i andre del av NTP-perioden. Det skriv førstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane og ordførar i Stad, Alfred Bjørlo i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

– No er det ingen tvil: Det blir ny tunnel på Rv. 15 Strynefjellet – kampen er vunnen! Eg er på vegner av Venstre utruleg glad for at regjeringspartia no står samla om oppstartsløyving i første periode av NTP. Eg vil særleg takke næringslivet for eit enormt engasjement i saka. Konvoien sist søndag gjorde inntrykk, og var med å sikre gjennomslag i siste sving, seier Bjørlo.

– Eg er veldig glad for at regjeringspartia no har funne ei løysing på Rv. 15 Strynefjellet, og at prosjektet no blir lagt inn i NTP med oppstart i først periode. Endeleg kjem det ei løysing på dei svært store utfordringane dagens tunnelar gir reisande, og ikkje minst for næringslivet. I dag kan nordfjordingane og alle andre feire at tiår med dårlege tunnelar og vegar snart er over. Gratulerer til alle!

Det seier Olve Grotle, førstekandidat for Høgre i Sogn og Fjordane og ordførar i Sunnfjord kommune.

– Regjeringa har lagt fram ein meir realistisk NTP enn dei føregåande. Difor er det ekstra kjekt når Strynefjellet er eitt av få prosjekt som har nådd fram i den tøffe kampen om omprioriteringane. No har eit samla Nordfjord, transportnæringa og dei lokale KrF-arane all grunn til å heise flagget og sprette mozellen!

Det seier Tore Storehaug, førstekandidat for KrF i Sogn og Fjordane.

Det endelege vedtaket får vi når Nasjonal Transportplan (NTP) skal behandlast i Stortinget i sommar.

Nasjonal transportplan (NTP)

  • Nasjonal transportplan (NTP) er regjeringa sin strategi for samla utvikling av veg- ,jernbane- , luft- og sjøtransport.

  • NTP vert vedteke av Stortinget for ein 10-årsperiode, og revidert kvart fjerde år.

  • NTP er ikkje eit bindande vedtak, men vert følgt opp gjennom årlegebudsjettløyvingar.

  • Store utbyggingsprosjekt må leggast inn i NTP om dei skal realiserast.

Kjelde: Vegvesen.no

Kommentarer til denne saken