Gå til sidens hovedinnhold

Ny språklov krev at også fylka svarar på målforma til brukaren

Artikkelen er over 1 år gammel

Kulturminister Abid Raja (V) har presentert forslaget til ny språklov. Den nye lova vil mellom anna krevja at fylka svarar på målforma til brukaren.

– I dag skriv vi språkhistorie, innleidde kulturministeren tysdag.

For første gong skal Noreg ha ei enkelt lov som styrer språkpolitikken til det offentlege. Det tyder mellom anna ei strengare linje for namn på statlege organ.

– Namn på statsorgan skal finnast på norsk og vera rett skrivne, skriv departementet i ei pressemelding.

Dette får likevel ikkje tilbakeverkande kraft, som tyder at institusjonar som Oslomet kan halde på namna sine.

Fylkeskommunane får nye krav

Offentlege organ får òg eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. I tillegg skal fylkeskommunane no få eit krav om å svare på brev og meldingar på målforma til avsendaren.

– Dei språklege rettane til både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar blir styrkte, heiter det i pressemeldinga.

Raja meiner koronapandemien og stenginga av Noreg har understreka kor viktig tydeleg språk frå det offentlege er.

– I den krisesituasjonen vi er inne i no, har fleire enn eg vorte ekstra merksame på kor viktig eit godt og klart norsk språk er for tillit og informasjonsflyt mellom innbyggjarane, fagpersonar og styresmakter, seier Raja.

Les også

Kritiserer NAV for brot på mållova: – Dei sit på Leikanger og svarar på bokmål når eg skriv til dei på nynorsk

Anerkjenner samisk og norsk teiknspråk

I forslaget til språklov blir anerkjent samiske språk som likeverdige med norsk. I tillegg kjem det krav om at offentlege organ skal verne kvensk, romani og romanes. Norsk teiknspråk skal anerkjennast som nasjonalt teiknspråk.

Les også

200.000 studentar får denne veka tilbod om tilleggslån

Les også

Regjeringa anslår lønsvekst på 1,5 prosent

Les også

Regjeringa vil bruke 419,6 oljemilliardar i år

Kommentarer til denne saken