Gå til sidens hovedinnhold

Ny smitte knytt til Olden barnehage

Ytterlegare éin person er smitta av covid-19 i Olden. Det melder Stryn kommune på nettstaden sin.

Vedkommande er kjend nærkontakt til eit av smittetilfella i Olden barnehage. Nærkontaktane er kartlagde, og blir kontakta av kommunen for vidare oppfølging.

Eit anna testresultat knytt til Olden barnehage har synt seg å vere ufullstendig, og ein har måtta ta ny test av vedkommande.

– Etter råd frå smittevernlegen er det, medan ein ventar på dette testresultatet, derfor vurdert som hensiktsmessig å teste born og tilsette på denne avdelinga med hurtigtest og PCR-test for å kartlegge smitterisikoen.

Testinga vil etter planen føregå fredag morgon.

Les også

To smitta i Olden – knytt til barnehage