Gå til sidens hovedinnhold

Ny smitte i Sunnfjord

95 personar testa seg søndag.

Måndag analyserte Helse Førde 95 koronaprøver, éin av dei viste seg å vere positiv.

Ifølge helseføretaket er den positive prøven teken i Sunnfjord kommune, men det betyr ikkje at vedkommande bur i kommunen.

Det er seks dagar sidan sist Helse Førde avdekte ny smitte.

Dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt området, men berre resultatet frå dei prøvene som dei sjølv analyserer.