Gå til sidens hovedinnhold

Ny smitte i Sunnfjord

Nok ein person er bekrefta koronasmitta.

Måndag vart 181 prøvar analysert ved Helse Førde sine laboratorium.

Resultata viser eitt positivt svar.

Etter tre dagar på rappen utan smitte, har det no vore seks nye tilfelle frå og med laurdag.

Nyleg vart det meldt at ein pasient vart lagt inn på intensivavdelinga med korona, som den første på ei god stund. Status tysdag morgon er at pasienten framleis er innlagd.

Det er snakk om ein vaksen person, mellom 18 og 64 år.

Helse Førde opplyser på sine side at kommunane i deira område sjølv vel kvar dei ønsker å sende koronaprøver som er tatt.

Dermed kan prøvane bli analysert ved andre laboratorium enn ved Førde sjukehus. Tala dei viser til er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men berre ei liste over dei prøvene som er analysert hjå dei.

Les også

Usikker på kva som er innanfor i påska? Dette svarar Furnes

Les også

Minke i smitte i Stad

Les også

Starta koronapåska med 20 personar på fest

Kommentarer til denne saken