Gå til sidens hovedinnhold

Ny smitte i Helse Førde

Laurdag 27. mars vart det bekrefta tre nye smitta i Helse Førde sitt område.

I går, laurdag, vart tre nye personar bekrefta smitta med korona.

Alle dei smitta høyrer til Stad kommune.

Smitteutbrot

Stad kommune hadde eit smitteutbrot tidlegare i månaden.

Testsvara frå torsdag og fredag viste at det då var sju nye smitta.

Kommuneoverlegen skriv i ei pressemelding i går kveld at alle dei som vart bekrefta smitta i midten veka, har vore i karantene som nærkontaktar av tidlegare smitta.

Det var ingen nye nærkontaktar på det tidspunktet.

Les også

Starta koronapåske med 20 personar på fest

Kommentarer til denne saken