Gå til sidens hovedinnhold

Ny smitte første dag i påska

På den positive sida er det ikkje lenger registrert pasient på intensivavdelinga.

Dagens rapport frå Helse Førde viser eitt nytt positivt testresultat.

Helse Førde analyserte 263 testar i går.

Det er ikkje kjend kva kommune personen kjem frå.

Vidare informerer dei om at det framleis er to personar med stadfesta koronasmitte som er innlagd på sjukehus.

Pasienten som blei lagd inn på intensiven laurdag, er ikkje lenger registrert ved denne avdelinga.

Helse Førde følger strenge krav om at identifikasjon av pasientane ikkje skal vere mogleg, og kan derfor ikkje seie noko kring omstenda.

Les også

Heile 224 vart testa – av desse er ingen nye smitta

Les også

Landstreffet er avlyst. Thorsen: – Det einaste riktige å gjere

Les også

Koronasjuk innlagd på intensiven

Kommentarer til denne saken