Gå til sidens hovedinnhold

Ny smell måndag: Trafikkuhell i Bremanger

Trafikkuhell på fylkesveg 614 ved Kjelkenes måndag ettermiddag.

Det melde Vegtrafikksentralen Vest måndag klokka 13.09.

Køyretøy på over 3,5 tonn kan ikkje passere på staden, som ligg mellom Magnhildsskaret og Svelgen. Dette får vidare konsekvensar for brøyting av Magnhildskaret, då brøytebilen som skal dit blir forseinka, melde vegtrafikksentralen like etter klokka 13.

Politiet har ikkje fått melding om uhellet.

– Dette kjenner vi ikkje til. Vi har ikkje hatt noko oppdrag der, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit, og legg til at det då truleg har vore snakk om eit mindre uhell.

Kommentarer til denne saken