Gå til sidens hovedinnhold

Ny skattemelding blir send ut på ulike dagar

Skatteetaten gjer endringar i skattemeldinga for 2020. Endå fleire kan ta i bruk den nye elektroniske skattemeldinga, men alle får ho ikkje same dag.

Mange skattytarar fekk teke i bruk den nye elektroniske skattemeldinga i fjor. Endå fleire vil få tilbod om den nye og litt forenkla og meir brukarvennlege løysinga. Det einaste som blir kravd, er at du er registrert som elektronisk brukar hos Skatteetaten.

Enklare

Har du først tredd inn i den elektroniske verda hos Skatteetaten, er det mange ting som kan gjerast enklare. I den elektroniske skattemeldinga slepp du å leite opp skjema som skal leggjast ved. Desse skjemaa er tilgjengelege i programmet. Den meir digitale skattemeldinga gjer det òg mogleg for deg å melde inn endringar heilt fram til fristen for innlevering går ut.

– Skattemeldinga er bygd opp på ein ny måte med ein ny utsjånad. Postane slik vi kjenner dei frå tidlegare år er erstatta av tema som høyrer naturleg saman. Du ser førebels skatteutrekning med anten skatt til gode eller restskatt heilt øvst på skjermen. Viss du endrar eit tal i skattemeldinga, så ser du oppdatert skatteutrekning i skattemeldinga med ein gong, seier Marta Johanne Engerdal til NTB. Ho er divisjonsdirektør i divisjon brukardialog i Skattedirektoratet.

Ulike datoar

I år blir det vanskelegare å gå rundt i nabolaget for å utveksle om vi fekk restskatt eller pengar tilbake. Det er ikkje lengre nokon felles dato for utsending. Mellom 16. mars og 7. april vil elektroniske brukarar få tilgang til skattemeldinga. Dei aller fleste næringsdrivande og lønnstakarar som vel å få skattemeldinga på papir, vil få ho i posten frå 7. april.

Arbeidsreiser

Skatteetaten har allereie gjort ei koronatilpassing for skattytarane. I skattemeldinga for 2020 er ikkje frådrag for arbeidsreiser fylt ut som tidlegare. Skatteetaten ser for seg at det er mange som må endre denne posten på grunn av permisjonar og heimekontor, og overlèt til skattytarane å oppgi kor mykje dei reiste.

– I 2020 kan du ha hatt kortare reiseveg til arbeid, meir heimekontor eller av andre årsaker færre arbeidsreiser enn du hadde året før. I år er derfor ikkje frådrag for arbeidsreiser førehandsutfylt i skattemeldinga. Derfor er det viktig å sjølv leggje inn desse opplysningane, viss du har hatt vanleg reiseveg til arbeidsstaden din og dermed krav på frådrag for dette i 2020, seier Marta Johanne Engerdal.

Mogleg å få pengar tidleg

For enkelte skattytarar kan skatteoppgjeret vere ferdig berre ein til to veker etter at dei har sendt skattemeldinga. Lønnstakarar og pensjonistar som ønskjer eit tidlegare skatteoppgjer, må ifølgje Skattedirektoratet oppfylle desse vilkåra:

  • Du bruker ny skattemelding.
  • Både du og eventuell ektefelle må levere inn.
  • Du kan ikkje ha ubetalte krav.
  • Skattemeldinga di må ikkje bli teken ut til kontroll.

Du treng ikkje å logge deg inn og sjekke før du har fått e-post eller SMS frå Skatteetaten om at skattemeldinga di er tilgjengeleg.

– Prøver du, så kjem du til ei side som fortel deg at ho ikkje er tilgjengeleg enno, og at du må vente på beskjed. Du høyrer frå oss så snart både skattemeldinga og skatteoppgjeret ditt er klart, seier Marta Johanne Engerdal til NTB.

Skatteoppgjeret startar 25. mars. Mange lønnstakarar og pensjonistar kan vente å få skatteoppgjeret sitt i perioden mellom 2. april og 22. juni. Ifølgje Skattedirektoratet vil dei fleste få oppgjeret 22. juni.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken