Gå til sidens hovedinnhold

Ny sau teken av ulv

Sikre på at rovdyret står bak.

Endå ein sau har blitt teken av ulv, opplyser Statens naturoppsyn (SNO) på heimesidene sine.

Sauen blei funnen i Skifjord i Hyllestad 9. desember. Spor på kadaveret gjer til at SNO er visse på at ulven står bak.

Sauen blei funne i utmark.

Det var NRK som først melde om hendinga.

Dei siste to åra har det vore ulv i området, men så langt har dyret levd lykkeleg uvitande om at det for tida er lisensjakt på han.

Ulven har fått namnet «Lucky», fordi han så langt har greidd å kome seg unna jeger som har hatt han på skothald fleire gonger.

Les også

Lucky-jakta er starta opp igjen: – Får vi ikkje jakte på sporsnø, blir det vanskeleg å ta han

Kommentarer til denne saken