Forhandlingane startar klokka 10 i Näringslivets Hus i Stockholm. Det er tredje dag på rad med forhandlingar etter at partane vart samde om å halde fram meklinga då streiken til SAS-pilotane hadde gått føre seg i litt over ei veke.

Ved 13-tida var det framleis ikkje semje mellom partane.

– Vi har ikkje komme til ei semje men vi har heller ikkje nådd veggen, seier Roger Klokset, leiar i Norske SAS-flygarars foreining til pressa utanfor forhandlingslokala, ifølgje NRK.

Inga snarleg løysing

Klokset seier at forhandlingane held fram så lenge det er grunnlag for det.

– Vi sit her så lenge som nødvendig, viss vi må.

Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland kan ikkje seie noko om kor lenge forhandlingane vil vare.

– Men eg ser ikkje for meg ei snarleg løysing, seier han til NRK.

Før forhandlingane starta, sa Ruland at partane står nærare kvarandre enn nokosinne. Han sa også at han ikkje har hatt ei mekling før som har gått over så lang tid.

– Så lenge det trengst

SAS' forhandlingsleiar Marianne Hærnes sa ved forhandlingsslutt torsdag at forhandlingane var på veg litt tilbake.

– Avstanden er som den var i går. På nokre av dei viktige punkta så står punkta langt frå kvarandre, sa ho på veg inn i Näringslivets Hus fredag.

– Det er ganske vanleg i ei forhandling at det går litt opp og ned. Vi sat i 17 timar og forhandla non stop, det var behov for ein pause.

Ho er likevel positivt innstilt til forhandlingane fredag, men kan ikkje seie noko om sjansane for at forhandlingane held fram inn i helga.

– Vi er villig til å sitje så lenge det trengst. Eg er ganske trøytt, men det er eg vand til. I desse forhandlingane sit ein oppe og forhandlar non stop.

Lange forhandlingar

Torsdag forhandla partane frå klokka 9 om formiddagen til klokka 1 natt til fredag.

900 pilotar i SAS har streika sidan 4. juli. Det har kosta selskapet inntil 1,3 milliardar svenske kroner, eller 1,26 milliardar norske kroner.

Over 2.550 flygingar har vorte innstilte, noko som har påverka over 270.000 passasjerar, opplyser SAS.

Fredag er 167 SAS-flygingar til og frå Noreg innstilt som følgje av streiken.

(©NPK)