Ny positiv prøve analysert i Helse Førde

DEL

Onsdag analyserte Helse Førde 273 koronatestar. Ein av dei var positiv.

Også tysdag vart det avdekka ei prøve som var positiv for Covid-19. Dette var ein av dei tre tilsette som er smitta hos Norec.

Sidan onsdag 14. oktober har Helse Førde avdekt 6 positive prøvar. I same tidsrom har dei testa 1572 prøvar.

Helse Førde opplyser at tala dei presenterer på sine heimesider ikkje nødvendigvis er endelege tal for Helse Førde sitt område. Prøver teke i området til Helse Førde kan verte analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken