Gå til sidens hovedinnhold

Ny person smitta i Stad

Laurdag kveld blei det kjent at éin ny person har fått påvist covid-19 i Stad kommune.

Vedkommande var allereie i karantene, sidan ein i husstanden tidlegare har vore smitta.

Det er ingen nye nærkontaktar, melder kommunen i ei pressemelding laurdag kveld.

Totalt testa 30 personar seg på Nordfjordeid fredag og sju personar i Selje.

Kommunen tilbyr koronatest søndag 4. april, men då må ein kontakte Nordfjord legevakt for timebestilling innan 15.00.

Kommentarer til denne saken