Ny ordning for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande

Av

Næringsdrivande og frilansarar som mistar inntekter etter koronautbrotet, kan få dekka inntil 80 prosent av inntektsbortfallet av inntekter inntil 6G.

DEL

Det svarer til 479.000 kroner.

– Det blir mogleg å søkje på ordninga frå måndag 4. mai. Det blir då gitt etterbetaling for april, opplyste arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) på pressekonferansen til regjeringa tysdag.

Isaksen opplyste òg at Nav har fått 200 millionar ekstra for å få unna søknadsbunkane. Han la til at Nav truleg vil trenge meir pengar etter kvart og åtvara mot at saksbehandlingstida kunne bli lengre enn vanleg.

– Vi gjer det som skal til for at flest mogleg skal få så mykje som mogleg av pengane sine så fort som mogleg. Men eg må framleis seie til folk at dette vil krevje noko tolmod.

Artikkeltags