Ny NRK-tilsett koronasmitta i Førde

Store deler av Førde-kontoret er sett i karantene.

DEL

Klokka 00.09 melder NRK Vestland at ein tilsett på Førde-kontoret deira har fått påvist koronasmitte.

Vedkommande har vore på heimekontor sidan det første smittetilfellet som vart påvist på same NRK-avdeling onsdag førre veke, skriv NRK.

Alle som var på jobb på Førde-kontoret måndag, tysdag eller onsdag førre veke skal testast for korona og er sett i karantene av kommuneoverlegen i Sunnfjord.

Då ein tilsett på kontoret fekk påvist korona førre veke, blei to andre tilsette sett i karantene.

Artikkeltags