Det skriv Bergens Tidende. Flekkbandsnigelen er, til liks med brunsnigelen, ein «invaderande» art. Det betyr at han kan skade naturleg vegetasjon og ha negativ innverknad på norske snigleartar.
– Dette er ein art vi absolutt ikkje vil ha. Dersom flekkbandsnigelen klarer å etablere seg, vil han kunne gjere stor skade på hagar og jordbruk, seier biolog Bjørn Arild Hatteland til avisa.
Han er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi og Universitetet i Bergen.
Han fortel at snigelen stammar frå landa rundt Middelhavet, men at han dei seinare åra har spreidd seg til nye område – mellom anna Sør-Sverige, der han gjer stor skade.
Ifølgje Stavanger Aftenblad har snigelen på kort tid vorte funnen i både Bergen, på Sola, Kvernaland og i Sokndal.
– Snigelen har ikkje dukka opp på alle desse ulike plassane av seg sjølv. Han må ha komme frå ein eller annan import av hageplanter, seier naturforvaltar i Ecofact Bjarne Oddane til avisa.
Tysdag varsla han Mattilsynet om saka.

Camilla laga eit paradis i hagen for borna: – Vi prioriterer ungane over garden

Kvart år får Arthur hekk og gjerde øydelagt. No har han fått nok

Hageprodukt sel godt hos Europris – men grunnen er kanskje ikkje den du trur
