– Frp er glad for å ha forbetra kommuneproposisjonen med mellom anna ei styrking av ferjeavløysingsordninga, seier kommunalpolitisk talsperson Helge André Njåstad til NTB.

– I ordninga er det fordelt pengar til ferjefylka, medan kommunane har fått føreseielege signal om at dei skal kompenserast for nødvendige koronatiltak og skattesvikt, seier han.

Detaljane i avtalen blir lagde fram på ein pressekonferanse på Stortinget klokka 13 torsdag.

– Ordninga er no svært gunstig, slik at mange prosjekt kan realiserast utan stor medfinansiering frå fylkeskommunane og brukarane, seier André N. Skjelstad i Venstre.

Den økonomiske ramma i avtalen er ikkje kjend, men prosjekta vil ifølge Njåstad få «ein del meir». Han meiner tiltaket uansett er god samfunnsøkonomi.

– Det er betre for staten å betale for ei bru i 45 år og for brukarane å betale for brua i 15 år enn at staten og brukarane skal betale for ferja i all framtid.

Dette er prosjekta

Det blir i dag utbetalt såkalla ferjeavløysingsmidlar etter den fylkeskommunale ordninga til eitt prosjekt, nemleg Bjarkøysambandet i Troms og Finnmark.

Med den nye avtalen er desse prosjekta aktuelle for ordninga, ifølge kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget:

* Hidra landfast (Agder)

* Masfjordbrua (Vestland)

* Ytre Steinsund bru (Vestland)

* Fjelbergsambandet (Vestland)

* Lerøy – Bjelkarøy (Vestland)

* Atløysambandet (Vestland)

* Nordhuglo – Hodnanes (Vestland)

* Nordøyvegen (Møre og Romsdal) – er under bygging

* Storfosnatunnelen (Trøndelag)

* Langsundsambandet (Troms)

Ferjeavløysingsmidlar blir utbetalt som ein del av rammetilskotet til fylkeskommunane frå det året ferjesambandet er erstatta av vegsamband.

Rentekompensasjon

I kommuneproposisjonen støttar Frp retningslinjene til regjeringa for ordninga med nokre forbetringar.

Mellom anna vil ferjesamband som består av fleire strekningar der det berre er aktuelt å erstatte delar av sambandet, blir berekna som om heile ferjesambandet blir fjerna – så lenge heile sambandet blir lagt ned.

Samtidig er dei fire partia på borgarleg side samde om at det skal leggjast fram ei eiga tilskotsordning som kan avhjelpe rentekostnadene dei første åra etter at eit bruprosjekt er ferdig.

Njåstad viser til at ein del bruprosjekt har stagnert på grunn av uvisse hos fylkeskommunen om rentekostnadene i startfasen av prosjekta. Stortinget ber regjeringa om å komme med endringsforslaga i statsbudsjettet for neste år.

– Ferjeavløysingsordninga kom på plass etter valet i 2013 og blir no ytterlegare forbetra, seier Ove Trellevik i Høgre.

– Saman med Frp får vi på plass ei svært distriktsvennleg ordning, som vil sikre at mange øyar får fast samband til fastlandet, seier Thorild Brandsdal i KrF.

(©NPK)