Gå til sidens hovedinnhold

Ny aksjon mot Nordic Rutile i ettermiddag

Artikkelen er over 5 år gammel

Politiet greip ikkje inn.

Natur og Ungdom melder i ei pressemelding at seks nye aksjonistar har lenka seg fast til anleggsmaskinar no i ettermiddag. Ein av desse er nestleiar i Natur og Ungdom, Gaute Eitejord. I tillegg til dei fastlenka er fem personar med som støtteapparat. prøveboring.

– Alle aksjonistane deltek med personleg og moralsk overtyding. Aksjonistane sitt lovbrot er ingenting samanlikna med den organiserte miljøkriminaliteten dette prosjektet vil vere, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

Firda skreiv i går om aksjonistane som lenka seg til anleggsmaskinar på Engebøfjellet, der gruveselskapet Nordic Rutile driv.

Beste 10.000 ho har brukt

Skjoldvær deltok i aksjonen i går, og fekk forbod mot å opphalde seg innan 150 meters nærleik til riggplassen. Bota ho fekk, må ho i utgangspunktet betale frå eiga lomme. Skjoldvær seier at det blir dei beste 10.000 ho har brukt, sjølv om gruvedrifta held fram.

Natur og ungdom opplyser vidare i pressemeldinga at dei har ei liste med over 2000 personar som er villige til å vere sivilt ulydige for å stoppe gruveprosjektet, og at aksjonane til no berre har vore starten.

– Vi er mange og vi vil gi alt for fjorden, seier Skjoldvær.

Konstituert lensmann Magne Faleide vil ikkje gå ut med kva politiet har tenkt å gjere med aksjonistane.

– Eg vil ikkje seie noko om kva politiet skal gjere i framtida.

Les også: Politiet brukte brannvernet mot demonstrantar

Aksjonist på staden, Andrea Sofie Aasvang, fortel at dei frå starten har hatt tett kontakt med politiet på telefon, og underretta om kva dei har gjort. Politiet er så langt ikkje på staden. Aasvang seier at vêret er surt, men at aksjonistane har gode klede, og er ved godt mot. Innimellom snødrevet har dei fått sjå glimt av Førdefjorden.

Ingen fekk bøter

Siste: Aksjonen vart avslutta klokka 1800 onsdag kveld.

– Politiet dukka ikkje opp, det er vi veldig nøgde med, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

– Og ingen fekk bøter, det er vi veldig glade for, seier Skjoldvær.

– Er arbeidet på fjellet i gang att no, då?

– Ja, dei driv døgnkontinuerleg. Men dei mista no mykje av dagslyset, i alle fall.

– Blir det ny aksjon i morgon?

– Vi har eit allmøte akkurat no, der vi i fellesskap tek stilling til kva vi gjer. Aksjonar blir det, men om dei blir lovlege eller ulovlege, det veit vi ikkje førebels.

Kommentarer til denne saken