NVE justerer ny modell for nettleige

DYRAST PÅ ni år: Ikkje sidan 2010-2011 har vi sett straumprisar på dagens nivå, og det er no knappheit på kraft i heile Norden.

DYRAST PÅ ni år: Ikkje sidan 2010-2011 har vi sett straumprisar på dagens nivå, og det er no knappheit på kraft i heile Norden.

Av

NVE har moderert forslaget sitt til ny modell for nettleige på fleire punkt etter å ha fått kritikk i høyringsrundane. Men ikkje alle er fornøgde.

DEL

Det er no ein enklare og meir moderat modell som blir lagt fram, skriv NVE sjølv i ei pressemelding onsdag.

– Å finne gode løysingar handlar ofte om å avvege kva som er sakleg riktig med å finne løysingar mange kan slutte opp om, og som kan gi stabilitet. No får vi ein modell som gir riktigare insentiv enn i dag, men som samtidig inneber små endringar for dei aller fleste, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.

Kundar med eit normalt forbruk vil ifølgje han betale om lag det same i nettleige som i dag.

Men ikkje alle er fornøgd med det nye forslaget.

– Det er allereie komplisert nok å vere straumkunde, og denne omlegginga vil dessverre gjere det endå meir uoversiktleg for kundane, seier energipolitisk rådgivar Linda Ørstavik Öberg i Huseiernes Landsforbund.

Ho skuldar NVE for å leggje til grunn premissar som ikkje kan dokumenterast.

– I dag finst det ingen dokumentasjon på at den «moderne» nettleiga NVE ønskjer seg, utløyser ønsket forbrukaråtferd som igjen gir ei betre utnytting av nettet, seier Öberg.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken