Gå til sidens hovedinnhold

NVE åtvarar mot krevjande skredforhold i fjellet

Det er svært krevjande skredforhold i heile landet. Det finst vedvarande svake lag høgt i snødekket i heile landet. Det gjer det svært lett å løyse ut skred. NVE oppmodar alle til å unngå skredterreng i vinterferien.

NVE har så langt registrert at 58 personar har blitt tekne av skred denne vinteren. Av dei har det vore seks dødsulykker.

– Vi håpar alle er medvitne på skredfaren no før vinterferien. Når det finst vedvarande svake lag i snødekke, gjer det forholda mykje meir ustabile. Skred losnar lettare og skreda blir ofte større, seier snøskredvarslar i NVE Ingrid Skrede i ei pressemelding.

I Sør-Noreg er hovudproblemet eit vedvarande svakt lag høgt i snødekket. Det er svært lett å løyse ut skred og det gir tydelege fareteikn, som skytande sprekkar og drønnelydar.

– Situasjonen endrar seg raskt. Laurdag kjem det inn eit skikkeleg mildvêr på Vestlandet. Når du har vedvarande svake lag i snødekket som no, vil det føre til svært ustabile forhold, seier Skrede.

Laurdag vil skredfaren bli stor i dei mest utsette regionane og det blir forventa fleire naturleg utløyste skred i store delar av Sør-Noreg.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken