Gå til sidens hovedinnhold

Null nye smittetilfelle – 12 dagar på rad utan ny smitte i Sunnfjord

Torsdag vart 188 prøvar analysert i laboratorium ved Helse Førde.

Av desse prøvane fann laboratoriet ved Førde sentralsjukehus ingen positive svar. Det kjem fram av fredagens smitterapport.

Førre smitterapport vart det stadfesta eitt tilfelle av korona i Kinn kommune, som stamma frå onsdag. Dette viste seg å vere ein arbeidsinnvandrar som var i innreisekarantene.

Før dette tilfellet hadde Helse Førde fire samanhengande døgn utan ny smitte. Fleire kommunar kan vise til ein lengre smittefri periode, deriblant Sunnfjord, som no kan vise til 12 dagar med berre negative test-svar.

Les også

Ny smitte i Kinn. Testa først negativt

Les også

Eitt nytt smittetilfelle

Les også

Sju av ti støttar ikkje prioritert vaksinasjon av politikarar

Kommentarer til denne saken