Gå til sidens hovedinnhold

NTP lagt fram i dag: Desse vegprosjekta får pengar frå regjeringa

Fredag 19. mars la regjeringa fram Nasjonal transportplan (NTP). I alt fordelte dei 1200 milliardar kroner på fleire samferdsleprosjekt i Norge dei kommande tolv åra.

Her er ei Samferdsledepartementet si oversikt over prosjekta som får NTP-pengar i Sogn og Fjordane:

E39 Storehaug – Førde, Sunnfjord kommune:

Ny veg utanom Førde sentrum og Halbrendslia. Prosjektet vil bidra til å betre trafikksituasjonen gjennom Førde og bidra til ein god sentrumsutvikling. Halbrendslia er ei bratt og vanskeleg stigning for tungtrafikken. Prosjektet vil også bidra til eit meir effektiv samband mellom nord og sør på Vestlandet. Prosjektet er kostnadsrekna til 3 milliardar kroner. Det er prioritert byggestart med et statleg bidrag på 1,3 milliardar kroner i første seksårsperiode. I tillegg kjem bidrag frå bompengar.

Les også

Olve Grotle om ny tunnel: – Kan bli bompengar

Les også

Har køyrt opp og ned i over 40 år: – Folk i Halbrendslia burde heise flagget

Les også

Stein Kjetil jublar ikkje – fryktar for handelen

E39 Myrmel – Lunde, Sunnfjord kommune:

Ny veg skal gi betre framkomst og auka tryggleik i trafikken. I dag har vegen dårleg standard og nedsett fartsgrense. Prosjektet skal starte opp i 2021, og er kostnadsrekna til 500 millionar kroner. Det er lagt til grunn 404 millionar kroner i første seksårsperiode for å fullføre prosjektet. Vegen skal etter planen opne i 2023.

Les også

Regjeringa set av 514 millionar til ny veg på E39 Myrmel-Lunde

Les også

Til våren skal dei gjere ulykkesvegen forbi garden til Ove mykje tryggare

Rv. 5 Kjøsnesfjorden, Sunnfjord kommune:

Ny tunnel frå dagens Støylsnestunnel til Kjøsnes. Dagens veg er svært skredutsett, og skal gjerast om til gang- og sykkelveg når tunnelen opnar. Prosjektet er under bygging, og er kostnadsrekna til 1,1 milliard kroner. Det er lagt til grunn 347 millionar kroner i første seksårsperiode for å fullføre prosjektet. Vegen skal etter planen opne i 2022.

Les også

Gjennombrot for nye Kjøsnestunnelen

Les også

No er det klart: Kjøsnesfjorden vil vere ferdig rassikra i 2022


Rv. 5 Erdal – Naustdal, Sunnfjord kommune:

Ny veg forbi den svært rasutsette strekningen mellom Erdal og Naustdal. Det vil bli ein trafikksikker veg og vil gje redusert reisetid. Prosjektet er kostnadsrekna til 2,1 milliardar kroner. Det er prioritert byggestart med et statleg bidrag på 500 millionar kroner i første seksårsperiode.

Les også

Kva er vegen vidare? Dette treng du å vite om Naustdal–Erdalstunnelen

Les også

Jacek vart nær drepen av stein – jublar for tunnel

Les også

Tunnel mellom Naustdal og Førde: – No kjem det pengar

E16 Hylland – Slæen, Aurland kommune og Voss herad:

Skredsikring av ein strekning i Nærøydalen. Den nye vegen gjer også at det ikkje vil vere behov for å oppgradere Stalheimstunnelen og Sivletunnelen slik at den tilfredsstiller tunnelsikkerheitsforskrifta. Strekningen vil bli korta ned frå ti til åtte kilometer. Prosjektet er kostnadsrekna til 1,5 milliardar kroner. Det er prioritert byggestart og fullfinansiering i første seksårsperiode.

Rv. 13 Skare – Sogndal, Ullensvang, Ulvik, Sogn og Sogndal kommunar og Voss herad:

Strekningen vil bli overført til Nye Veier sin portefølje. Strekningen er svært rasutsett. Nye Veier skal prioritere investeringar som reduserer rasfaren og gir ein akseptabel minimumsstandard. Det skal leggjast til grunn mest mogleg rassikring for kvar krone som blir brukt. Selskapet skal også identifisere vegstrekningar som ikkje har akseptabel vegstandard. Nye Veier har spelt inn at dei legg opp til å bruke om lag 3 milliardar kroner på strekninga. I tråd med Nye Veier sitt mandat vil det vere opp til styret i selskapet å vurdere kva utbyggingsrekkefølga vil bli og når oppstart vil vere.

Stad skipstunnel, Stad kommune:

Stadhavet er utfordrande og vêrhardt, og det er vanskeleg for skipsfarten å passere Stad under dårlege vêrforhold. Av og til ser besetninga på skipa seg nøydde til å vente på stillare sjø før dei kan passere havstykket. Stad skipstunnel er et eineståande samferdselsprosjekt som vil fjerne ein barriere for skipstrafikken, og som kan styrke nærskipsfarten og opne for etablering av nye hurtigbåtruter i regionen. Kostnadsanslaget for skipstunnelen er 3,45 milliardar kroner, og den skal etter planen stå ferdig før utgangen av første seksårsperiode.

Les også

No kjem Stad skipstunnel

Kjelde: Samferdsledepartementet.

Les også

Sogn og Fjordane fekk alt vi ønska oss. Nesten

Kommentarer til denne saken