NRK Vestland melder at dei to mistenkte mennene skal vere mistenkte i ei rekkje kriminelle handlingar som har skjedd i Sunnfjord.
Mellom anna gjeld det grovt ran, ran, fridomsrøving, truslar og kroppskrenkingar.
Stine Marie Vårdal, etterforskingsleiar ved politistasjonen i Førde seier at fleire andre personar er mistenkte, og gjer det klart at dei to som sit fengsla ikkje står bak alle hendingane.
Éin av dei sikta har vore etterforska og domfelt for liknande forhold tidlegare.
Sakene skal ha funne stad i eit lukka rusmiljø, og det skal vere ei rekkje vitne. Vårdal seier til NRK at dette har gjort etterforskinga ekstra krevjande.
Firda kjem tilbake med meir.