Det melder NRK onsdag.

– Frå i dag er det ikkje berre eit råd om å teste, men altså eit pålegg om å teste svenske helsearbeidarar, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Inger Klippen (H) til NRK.

Endringa kjem etter at det vart kjent at ein svensk vikarlege var kjelda til eit nytt utbrot av Covid-19 ved Nordfjord sjukehus. Han bar sjølv smitta, og førde den vidare til ein sjukepleiar ved sjukehuset.

Onsdag kom det også fram at ein av legens pasientar har fått smitten.

Frå før har det vore eit råd frå FHI om testing. No er dette endra til eit krav, skriv NRK.

Fram til det har kome svar på første testen skal personen vere i karantene. Kjem det negativt svar på denne testen, er personen klarert for å jobbe. Men det skal likevel utførast ein ny test tidlegast etter 48 timar for å sikre at resultata framleis er negative.

Til Firda seier kommunikasjonssjef Terje Ulvedal ved Helse Førde onsdag at helseføretaket arbeider med å kartlegge legens pasientar og kollegaene han har jobba med.

– Vi meiner å ha kontroll på talet på smitta, men kan ikkje utelukke fleire smittetilfelle, seier han.