Styreleiaren på fabrikken gav forsikringsselskapet uriktige opplysingar om verdiane på fabrikken. Det slo Oslo tingrett fast i sin dom denne tysdagen.

Det melder NRK Vestland.

Det var på nyttårsaftan i 2016 at fabrikken brann ned.

Løkeland vart sikta av politiet for å ha sett fyr på fabrikken. Saka vart lagt vekk på grunn av «bevisets stilling». Han vart også politimeld av forsikringsselskapet, men denne saka vart også lagt vekk, før den nyleg hamna i retten, med utfallet som nemnd over.

I sommar vart han dømt i Sogn og Fjordane tingrett, denne gongen for skattesvik. Ifølge dommen skal han ha lurt til seg sju millionar kroner gjennom å gi uriktige opplysingar til ei støtteordning for verksemder som utviklar varer, tenester eller produksjonsprosessar.

Denne dommen er anka, men den ferske dommen frå tysdag denne veka har ikkje Løkeland bestemt seg for om han vil anke.

Dersom begge dommane blir ståande, vil han måtte betale store beløp til ulike partar. Han er dømt til å betale forsikringsselskapet sitt oppunder ni millionar, i tillegg til å betale sakskostnader på 264.467 kroner.

I dommen frå i sommar vart han dømt til å betale oppunder seks millionar kroner i skadeerstatning til Skatteetaten. Han fekk også inndratt 7,1 millionar kroner som skal dekke Skatteetaten sitt erstatningskrav, i tillegg til ei bot på 730.000 kroner.

Løkeland tapte retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd og retten til å vere dagleg leiar i selskap dei fire neste åra, skriv NRK.