No kan du nominere din favoritt til Luttprisen

VANN I FJOR: Thea Hjelmeland vart tildelt Luttprisen 2018. No kan du vere med å nominere din favoritt til årets pris.

VANN I FJOR: Thea Hjelmeland vart tildelt Luttprisen 2018. No kan du vere med å nominere din favoritt til årets pris. Foto:

Av

Kven meiner du er årets artist frå Sogn og Fjordane?

DEL

No kan du vere med å nominere dei du meiner har fortent Luttprisen 2019. I år er Firda, Sogn Avis, Firda Tidend og Fjordenes Tidende med som arrangørar av prisen.

Sidan 2006 er Luttprisen delt ut til årets artist frå Sogn og Fjordane. For å gjere prisen enno større, går i år fleire av lokalavisene saman med NRK for å dele den ut. Det skal delast ut pris både til årets artist, årets talent og ein bakompris til ein viktig aktør i musikklivet i Sogn og Fjordane.

Sender direkte

Både Firda, Sogn Avis, Fjordenes Tidende og Firda Tidend skal vere med på laget, og kjem mellom anna til å sende prisutdelinga direkte på nettsidene.

– Det er veldig spennande og viktig at vi no er enno fleire som går saman om å dele ut desse prisane. Målet mitt med Luttprisen har heile tida vore at fleire skal få augene opp for dei fantastiske musikarane vi har i regionen vår. At avisene også blir med på laget er avgjerande for å lage ein viktig pris inn i framtida, seier Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Ønskjer å høyre di stemme

I fjor var det Thea Hjelmeland som vart tildelt Luttprisen. Tidlegare har artistar som Sigrid Moldestad, Eva Weel Skram og Kjartan Lauritzen fått tittelen som årets artist frå Sogn og Fjordane.

No kan du altså vere med å bestemme kven som skal få prisen for 2019.

– For oss er det viktig at folk i fylket engasjerer seg i kven som skal få prisen. Difor inviterer vi alle både til å nominere, og seinare skal ein også få røyste på finalstane.

Det seier redaktør Kai Aage Pedersen i Firda som i år altså er med på utdelinga av prisen.

Luttprisane er både heider, ære og stipend frå Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane sine eigarstiftingar. Det er enkelt å nominere sine favorittar ved å sende ei kort grunngjeving til Luttprisen@blestfest.no.

Siste frist for å sende forslag er 1. desember.

Del av musikkfestival

Luttprisen er ein del av Blestfestivalen, som er ein stor musikkfest for ny musikk frå Sogn og Fjordane. Så langt er artistar som Maren, Sissel Marie, Gold Celeste, White Man Dancing og MayRahKee plukka ut til å få spele på sjølve festivalen.

Snart blir det også klart kven som kjem for å spele på utdelinga av Luttprisane laurdag 18.januar på Larris Scene i Førde. Før jul vert det også klart kven som er finalistar i kampen om å bli årets artist frå Sogn og Fjordane.

Artikkeltags