Ein kvinneleg tilsett har akseptert eit førelegg på 20.000 kroner for å ha «lånt» 22 tablettar med Paralgin forte frå eit medisinrom ved Førde sentralsjukehus. Det melder NRK torsdag.

Men i alt er det fleire tusen tablettar som over tid har forsvunne frå medisinrommet, alle av typen B-preparat som er vanedannande. Døme på desse er sovemedisinar og smertestillande.

Det er med andre ord eit sprik mellom det kvinna innrømmer å ha «lånt» og talet tablettar som er forsvunne. Kvinna avviser å ha noko med det større svinnet å gjere. Ho erkjenner berre å ta teke dei 22 tablettane med Paralgin forte.

– For henne har det vore ei stor påkjenning å bli mistenkeleggjort, seier advokat Lene Knapstad ved Eine advokatfirma til NRK.

Kvinna jobbar ikkje lenger ved sjukehuset.

Statsforvaltaren i Vestland har starta tilsyn med både den tilsette og helseføretaket. I ei førebels oppsummering NRK har fått innsyn i, blir det konkludert med at medisinrommet i tidsrommet der svinnet gjekk føre seg, var for lett tilgjengeleg for uvedkommande.

Helse Førde seier til NRK at dei er i gang med ein større gjennomgang av systema og rutinane ved sjukehuset.