Ei melding blei skrive på NRK sitt interne intranett. Medier24 har sett denne meldinga og der står det blant anna:
«I forbindelse med strammere økonomiske rammer i 2023 åpner NRK opp for at medarbeidere kan søke om frivillig avgangsvederlag (sluttpakke). Hensikten med avgangsvederlaget er å gi ansatte en økonomisk sikkerhet i overgangen til nytt arbeid utenfor NRK».
Medier24 skriv vidare at NRK har varsla at det kjem til å mangle 300 millionar neste år, og økonomiskdirektør Andreas Norvik har vedgått at det vil bety færre tilsette i NRK. Det er fare for at mellom 80 og 120 tilsette må gå.
Det er krav til kven som kan få sluttpakke, og at det gjeld stillingar som ikkje blir erstatta. Fristen for å søke er 9. januar og tilsette over 67 år får ikkje søke.
Dyveke Buanes, redaktør for NRK Vestland seier til Firda at ho har snakka med klubben, men at det framleis er uklart korleis Førde-kontoret vil bli råka av kutta.

Vilde Grimseth Halbrend (24) skreiv kronikk – og fekk telefon frå Fredrik Solvang

– Kvifor gjer eg slik, spurde han Tuva. Det vart starten på ny dokumentarserie
