Torsdag 17. desember gjekk politiet til aksjon mot ein privat bustad ved sjukehuset i Førde. Der gjorde dei beslag av amfetamin og narkotiske piller.

Tre personar er arresterte i saka, og to av dei, ei kvinne og ein mann i midten av 20-åra, blei fengsla same dag, skriv NRK Vestland.

Meint for vidaresal

Politiet meiner dette er eit sentralt miljø for kjøp og sal av narkotika i Vestland. Det skal vere snakk om eit større beslag av narkotika, seier lensmann Dag Fiske til NRK Vestland.

– Vi vil ikkje seie heilt konkret kor mykje vi fann. Men i lokal målestokk, så var det eit stort beslag.

Politiet meiner funnet var meint for vidaresal i Sunnfjord og andre delar av Vestland fylke.

Sannsynleg med fleire pågripingar

Fiske stadfestar at det har vore fleire aksjonar mot det same miljøet. Dei skal no vere midt i etterforskinga av det politiet meiner hovudpersonar i narkomiljøet.

– Det er sannsynleg at etterforskinga vil føre til fleire pågripingar, seier Fiske til NRK.