Gå til sidens hovedinnhold

NRK: Mogleg blodpropp hos Helse Førde-pasient etter AstraZeneca-vaksine

NRK Vestland melder onsdag kveld at Helse Førde kjem til å varsle inn ei sak etter at ein pasient blei lagt inn med mogleg blodpropp etter å ha fått koronavaksinen frå AstraZeneca.

Personen skal ikkje vere alvorleg sjuk og blei skriven ut frå sjukehuset kort tid etter hendinga, opplyser NRK Vestland.

Ifølge fagdirektør Evy-Helen Helleseth i Helse Førde var det ikkje snakk om eit slikt symptombilde som har vore skrive om i media siste vekene og som førte til at vaksinen frå AztraZeneca vart sett på pause.

– Det var ingen haldepunkt for at det var snakk om det alvorlege syndromet med kombinasjonen blodpropp, bløding og låge tal blodplater, seier Helleseth.

Personen var aldri kritisk sjuk. Det er heller ikkje påvist nokon samanheng mellom vaskinen og blodproppen. Helse Førde melder likevel tilfellet inn som mogleg biverknad, for sikkerheitsskuld, oppplyser Helleseth.

Kommentarer til denne saken