Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I lag med to andre redaktørar var eg invitert til å snakke i Helgemorgen på NRK P2 og på NRK1 sist søndag. Redaksjonen som lagar denne sendinga sit i Tromsø. Eg veit ikkje grunngjevinga for at programmet blir sendt frå Nord-Norge, men eg tippar NRK-leiinga vil sjå landet med noko anna enn Oslo-briller. I Helgemorgen har dei Tromsø-briller på, og det skal NRK ha ros for.
Vi vart utfordra på å snakke om Norge sitt forhold til EU og presidentvalet i USA, tema som ligg langt frå kvardagsproblema eg vanlegvis kommenterer i Sunnfjord. Amerikansk valkamp og EU interesserer meg, men å levere presis analyse om dette på rikskanalane i NRK var ei utfordring utover normalt kompetansenivå. Eg var invitert ut i framandt terreng, men kanskje kunne eg bidra med ein litt anna vinkel på dette enn redaktørane i Oslo?
Den erfarne journalisten Arne Egil Tønseth var programleiar for Helgemorgen denne dagen. Med lågmælte og presise spørsmål, der deltakarane faktisk får tid til å svare, gir programmet tid for refleksjon. Lyttarar og sjåarar får ofte andre perspektiv enn det vi ser i aktualitetsprogramma sendt frå Marienlyst. Sjølv fekk eg god tid til å snakke om den stigmatiseringa Senterpartiet ofte blir møtt med, og som liknar på det vi såg i USA i 2016 då Donald Trump mot alle odds stakk av med sigeren. Store veljargrupper vart ikkje tatt på alvor. Seinare kom Brexit i Storbritannia. Den såkalla eliten i London vart tatt fullstendig på senga også der.

Kven skal rocke distrikta?
Sentrum periferi-diskusjonen heime er parallellen til Brexit og presidentvalet i USA. Distrikta klarer seg ganske godt, men vi som bur her har ofte vanskar med å skjønne kva dei styrer med i Oslo. Når vi rettar opp handa og ber om svar, blir vi stempla som gneldrebikkjer, – for eksempel når vi klagar på alle dei nye kontorpalassa dei no byggjer i hovudstaden.
Dei Oslo-baserte aviskommentatorane si latterleggjering av at byguten Jan Bøhler kunne finne på å melde seg inn i Senterpartet er eit ferskt døme. Som om det er ei ytterleggåande handling?
At Senterpartiet er i ferd med å bli eit politisk parti for folk flest, også i Groruddalen, er ikkje kunnskap som har fått fotfeste i redaksjonane i Oslo. Viss ei EU-røysting kjem på agendaen i valkampen neste haust, kan valresultatet til Trygve Slagsvold Vedum og co. bli både overraskande – og også sjokkerande bra for Senterpartiet.

Flytt arbeidsplassar frå regjeringskvartalet til distrikta!
Samanlikninga med Brexit og USA skal stoppe der. Det er jo slett inga krise om Senterpartiet får styre landet vårt. Kanskje er det det vi treng etter tiår med halslaus sentralisering? Og uansett kven som har politisk fleirtal på Stortinget, treng vi media med plass til nyansar og som har andre perspektiv enn det dei lagar i det sentrale austlandsområdet. Difor er det oppløftande at NRK tek små steg i retning mot å gi ei meir balansert framstilling av livet i Norge. Distrikta er ikkje Larris i Skjorehagen som går rundt i strikkajakke. Vi er teknologibedrifter, fiskeeksportørar og bønder. Vi er akademikarar og offentleg tilsette. Vi er omsorgsarbeidarar og vi er bedriftseigarar. Som i Oslo.
Helgemorgen, sendt frå Tromsø, er eit slikt steg i rett retning, for NRK. Men vi har langt større forventningar til ei offentleg finansiert mediebedrift enn utflytting av nokre små redaksjonar. Snart skal NRK flytte frå Marienlyst og til nye lokale ein annan stad i Oslo. Då bør kringkastingsleiinga gripe den sjansen dei då får til å tenke heilt nytt. Store redaksjonar kan flyttast ut i distrikta, redaksjonar med distriktsbriller som set dagsorden for heile landet – ikkje berre for Oslo 3.
