Lenge har Høyangringane lurt på kva som skulle skje med det tomme Fundo-bygget.

No er det klart.

Hydro skal satse på ein heilt utsleppsfri prosess for aluminiumsproduksjon. Det vil seie at produksjonen skal vere heilt karbonfri. Det fører til store investeringar i mellom anna Høyanger, melder NRK.

Der skal selskapet bygge eit anlegg for resirkulering av aluminium i stor skala. Det vil føre til ei investering på over 100 millionar kroner og 20 nye, faste arbeidsplassar i Høyanger.

Anlegget skal halde til i Fundo-bygget, som er kjent for å ha husa bilfelgfabrikken i mange år.

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, seier seg stolt over satsinga:

– Det er symbol i dette, det er gjenbruk av eit gamalt industrianlegg som likevel er topp moderne, seier han til NRK.

Firda kjem tilbake med meir.