NRK: Havyard vil ikkje gje påbod om at utanlandske arbeidarar må teste seg i heimlandet

IKKJE PÅBOD: Havyard og fleire verft på Vestlandet har opplevd at utanlandske arbeidarar har fått påvist Covid-19 i haust. Men verftet i Leirvik vil ikkje pålegge dei utanlandske arbeidarane om å vise negativ test før dei kjem til Norge.

IKKJE PÅBOD: Havyard og fleire verft på Vestlandet har opplevd at utanlandske arbeidarar har fått påvist Covid-19 i haust. Men verftet i Leirvik vil ikkje pålegge dei utanlandske arbeidarane om å vise negativ test før dei kjem til Norge. Foto:

– Vi har god smittevernleiing. Viss dei følgjer reglane som er trur eg det skal gå bra.

DEL

Det seier Odd Takle, hovudverneombod ved verftet i Leirvik til NRK.

Fleire verft på Vestlandet har opplevd at utanlandske arbeidarar har fått påvist Covid-19 i haust. Dette gjeld mellom anna Kværner Stord og Aibel i Haugesund.

Reglane seier at alle utanlandske arbeidarar skal testast når dei kjem til Norge og etter fem dagar.

Kværner Stord vil frå neste mannskapsbyte sette krav om at alle utanlandske arbeidarar skal vise til ein negativ test i heimlandet før dei set seg på flyet til Norge. Aibel vurderer det same, skriv NRK.

Men desse testane er ikkje godkjende av norske styresmakter. Folkehelseinstituttet anbefaler heller ikkje denne ordninga.

– Tek ein for mange testar og for hyppig, blir det vanskeleg å tolke resultata etter kvart, seier Kristian Rødland.

Han er overlege på avdeling for smittevern og beredskap hos FHI. Alle testane bør bli tatt i Norge, meiner FHI.

– Desse testane er ferskvare. Tar ein test to dagar før avreise, kan ein ikkje nødvendigvis stola på at det ikkje har skjedd noko dei to dagane, seier Rødland til NRK.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken