Gå til sidens hovedinnhold

NRK: Gjelsvik blir ikkje statsråd

TV2 melde laurdag at Sigbjørn Gjelsvik (Sp), opphavleg frå Naustdal, blir ny finansminister.

Onsdag føremiddag, dagen før Jonas Gahr Støre er venta å presentere alle dei nye statsrådane, melder NRK at Gjelsvik blir verande på Stortinget og dermed ikkje blir statsråd.

Det stadfestar parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, til kanalen.

Frå før er det stadfesta at ho sjølv blir på Stortinget. Også Geir Pollestad blir verande på tinget, som ny parlamentarisk nestleiar i partiet.

Det er tidlegare meldt at Støre ønsker Trygve Slagsvold Vedum som ny finansminister. Svara får vi torsdag.

Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet si stortingsgruppe har onsdag godkjent den nye regjeringsplattforma. Den blir lagt fram klokka 14 onsdag.

Døra er framleis ikkje lukka for lokale namn som til dømes Erling Sande og Liv Signe Navarsete.

Les også

TV2: Naustedøl blir finansminister

Les også

Økonomar: Familiar med fleire barn blir budsjettvinnarar

Les også

Så mykje meiner regjeringa at din kommune skal få å rutte med neste år

Kommentarer til denne saken