29. oktober vart det meld om ei lakserømming ved Aller Aqua sitt anlegg i Vadheim i Høyanger kommune.
Det var då ukjent kor mykje laks som hadde rømt, frå det som seinare skulle bli avdekt som eit fire gonger fire meter stort hol i merda, men det vart tidleg klart at det stod om lag 40.660 laks i merda før rømminga.
Fredag vart det også klart at Norges miljøvernforbund har politimeld selskapet. Same dag gjekk selskapet ut med ei pressemelding der dei orsaka lakserømminga:
"Aller Aqua Norway AS beklager hendelsen ved deres anlegg i Vadheim i Sogn forrige helg der det rømte laks fra deres anlegg. Selskapet arbeider for å få klarhet i hvor mye fisk som rømte, og vil komme tilbake med informasjon om dette rett over helgen. Selskapet er også i tett kontakt med ansvarlige myndigheter og ledende forskningsmiljøer for å sette i gang de best mulige tiltak for å hindre at rømmingen skader villaksen i området. Selskapet mottar fortsatt fisk som er fanget i Sognefjorden ved tømmerkaien i Vadheim kl 15 hver dag."
No har altså selskapet kartlagt kor mykje fisk som har rømt. Dette talet oppgir dei til å vere 35.000, skriv NRK.

Oppdaga merd-hol på fire gonger fire meter. Politiet trur no dei veit årsaka

40.000 laks kan vere på rømmen: – Totalt like mange som i 2020

Arve har fått 200 laks: – Reknar med eg får 200 til
