NRK: 2 milliardar meir i koronastøtte til kommunane

Av

Regjeringa presenterer tysdag ein auke på mellom 2 og 2,4 milliardar kroner i dei frie inntektene til kommunane for neste år, erfarer NRK.

DEL

Ifølgje kanalen skal ein stad mellom 1,6 og 2 milliardar gå til kommunane, medan fylkeskommunane får 0,4 milliardar.

Det auka støtta skal gjere kommunane i stand til å levere nødvendige tenester så lenge koronasituasjonen varer, meiner regjeringa.

Tala blir presenterte tysdag i kommuneproposisjonen for 2021. Der legg regjeringa fram politikken sin for kommunesektoren og det økonomiske opplegget for det kommande året.

Artikkeltags