Norske kommunar kan tape opptil 20 milliardar på virusutbrotet

Av

Utrekningar frå KS viser at norske kommunar kan tape opptil 20 milliardar kroner på koronautbrotet. Regjeringas krisetilskot er på 4,9 milliardar.

DEL

Utrekninga frå KS, interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen til kommunane, er attgitt av Klassekampen tysdag. Dei viser at kommunar over heile Noreg får både inntektstap og ekstrakostnader på mellom 12,5 og 20 milliardar kroner som følgje av virusutbrotet. Også fylkeskommunane ligg an til å tape mellom 5,5 og 6,8 milliardar kroner.

Tala står i sterk kontrast til krisepakken til regjeringa. Den vil gi 4,9 milliardar kroner til kommunane og 1,25 milliardar kroner til fylkeskommunane. No forventar leiar Bjørn Arild Gran i KS at staten vil dekkje inn tapa i distrikta gjennom revidert nasjonalbudsjett.

– Vi forventar full kompensasjon for skattesvikt, inntektsbortfall og det økonomiske omslaget. Regjeringa må i revidert budsjett gi tryggleik for den samla kommuneøkonomien i 2020, slik at kommunen kan halde oppe aktivitetsnivået ein har, seier Gran til avisa.

Utrekninga er basert på at det framleis vil vere strenge smitteverntiltak i to månader til. Blir tiltaka forlengde, eller at det kjem ein ny runde med oppblomstring av talet på smitta, kan det økonomiske tapet bli endå større.

(©NPK)

Artikkeltags