Celina (28) frå Stryn blei Eurojackpot-millionær fredag kveld. – No tullar du?

VANN: Celina Kacperska frå Stryn.

VANN: Celina Kacperska frå Stryn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

LOTTO: – Nei, no tullar du... Du tullar ikkje?, sa ho til Norsk Tipping.

DEL

Celina Kacperska frå (28) frå Stryn vann den nasjonale premien på éin million kroner og eitt reisegåvekort til 100.000 kroner under Eurojackpot-trekninga på fredag, melder Norsk Tipping i ei pressemelding.

Reaksjonane hennar på telefon, gjekk ifølge Norsk Tipping slik:

– Nei, no tullar du! Du tullar ikkje? Veit du, det er fantastisk. Å herregud, eg har hatt ein travel dag i dag, så dette var kjempekjekt, sa ho på telefonen.

– Eg er heilt i sjokk enno, det er heilt utruleg. Dette var ein veldig god beskjed. Mannen min kjem heim i morgon, så då skal eg feire med han og dottera mi.

– Eg veit ikkje kva eg skal finne på med premien, men kanskje gjere litt for familien. Det er så mykje fint ein kan gjere,

Ein norsk mann frå Fjell i Hordaland stakk av med 6,5 millionar kroner, etter at han fekk 5+1 rette under fredags trekning, skriv Norsk Tipping.

Artikkeltags