Vesle julaftan trekte Norsk Tipping 41 ekstra SuperLotto-millionærar. Men Norsk Tipping har ikkje fått tak i ein mann frå Sogndal som har blitt millionær.

– Vi held fram med å ringe SuperLotto-millionærane som ikkje tek telefonen frå klokka 10 på julaftan, skriv Norsk Tipping i ei pressemelding.

Så om du er ein mann ifrå Sogndal som oppdagar at nokon freistar å ringe deg  frå nummer 625 60 000, så er det Norsk Tipping som prøver å ringe deg.

Følte vinnarlykka

I tillegg til mannen frå Sogndal, vart også ei kvinne frå Vågsøy millionær i går:

– Åh, fantastisk, eg følte på meg at eg kom til å vinne i kveld. No blei eg veldig glad. Kvinna på 53 år er over seg av begeistring over den ekstra julegåva ho fekk på vesle julaftan. Nå gler ho seg til å fortelje resten av familien at ho er blitt SuperLotto-millionær.

Også sju andre SuperLotto-vinnarar frå resten av landet kan vente seg ein telefon frå Norsk Tipping i dag.