Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I eit lesarinnlegg I Firda 9. oktober skriv Henrik Sætness og Hans Magne Ådland i Statkraft at storstila utbygginga av fornybar energi, inkludert vindkraft er avgjerande om dei globale utsleppa skal reduserast. Dette er nok isolert sett rett, men det synast som om dei meiner at det er storstilt utbygging av vindkraft i norsk fjellheim som er det einaste saliggjerande.
Vidare klagar dei på manglande referansar i eit tidlegare lesarinnlegg om saka. No kan eg ikkje sjå at dei har så mange gyldige referansar i sitt innlegg heller.
Deretter legg dei fram ein del talmaterial som er noko omtrentleg. Dei vel 2008 som referansepunkt for reduksjonar og kjem fram til at fornybardelen av elektrisk kraftproduksjon i EU er 14 %. Det rette talet er vel heller 12 % (frå Eurostat 2018) og den er fallande. Rett nok har dei fleste EU-landa forplikta seg til å auke denne delen fram mot 2020.
Deretter viser dei til Tyskland, og tala dei brukar her er og heller omtrentlege. I høve «AG Enegiebilanzen 2019» er tala 37 % (dei hevdar 40 %) fornyeleg for 2018 der hav- og landbasert vind utgjer 17.3 % (dei hevdar 21 %). Av dette utgjer landbasert vind 14.3 %.
Det totale energiforbruket til Tyskland er på 12.918 petajoule (PJ) der fornybar utgjer 1809 PJ (14 %), størstedelen er energi frå biomasse. Vindkraft utgjer ikkje meir enn skarve 401.7 PJ (3.1 %). Kol, som dei er ute etter å erstatte, utgjer 2766 PJ (21.3 %).
Så dersom 30.000 vindturbinar dekker 3.1 % av det tyske kraftbehovet så vil vel ei total utfasing av kol då medføre 206.129 nye vindturbinar? Dette vil nok ta seg retteleg bra ut i norsk fjellheim! For ikkje å snakke om ei naudsynt utfasing av olje og gass som utgjer 58 % av tysk energiforbruk. Og i tillegg kjem fossilt energiforbruk i resten av EU!
Det dei let vere å nemne er at Tyskland og nettoeksporterer 649 TWh elektrisk kraft! Mykje av denne overproduksjonen er nok kolbasert ‘balansekraft’ som dekker opp for ustabil vindkraft.
Det er rett at alt energiforbruk må verte fornyeleg, men dersom dei trur at ei storstilt utbygging av vindkraft i Norge vil «redde klima» så tek dei nok feil, derimot vil det øydelegge mykje fin norsk natur. Det er nok heilt andre verkemiddel enn vindturbinar i norske fjell som må til for å «redde klima».